
Saturday, October 24, 2009
Porcupine Tree, Oslo, 23. oktober 2009

Wednesday, October 07, 2009
The Yellow Windows of the Evening Train

Eit bilete eg tok på togstasjonen på veg til jobb med mobilen, tidleg ein morgon. Minna meg om Porcupine Tree sin sang The Yellow Windows of the Evening Train.
Thursday, October 01, 2009
"Nyhende" frå kjendis.no
Dagbladet har gjort det igjen! Eller, rettare er det vel Dagbladet sin vesle freak av eit søsken, kjendis.no, som er syndaren.
Her mister Jackman besinnelsen, skreiv dei i går.
Saken handlar om ein mobiltelefon som går av midt under det som ser ut til å være ei ganske kjenslemessig scene. Jackman reagerar momentant, og kommentarane han og medspelar Daniel Craig kjem med er ustyrteleg morosame.
Hadde Jackman mista besinnelsen, da hadde kjendis.no fått litt av ei sak, det som derimot hender er langt ifrå dette. Ja, han vert frå seg. Men han held seg ekstremt roleg situasjonen trass!
Sjå heile klippet, det er rett og slett kjempevittig. All respekt til Hugh Jackman som ikkje ein gong mista den amerikanske aksenten sin under denne håplause situasjonen, som aldri burde hendt i det heile.
Dagens moral: dersom folk lærer seg å i det minste skru av lyden på mobilane, kan vi spare oss for tåpelege "nyhende" frå kjendis.no.
Friday, September 25, 2009
Monday, August 24, 2009
The Incident Limited Deluxe Edition

Som eg tidlegare har skrive, kjem Porcupine Tree sitt nye album ut i ei spesialutgåve i eit begrensa opplag. Tidlegare har den vorte omtala som noko liknande spesialutgåva av Wilson sitt soloalbum Insurgentes, og no har Roadrunner endeleg lagt ut eit bilete av boksen.
Sunday, August 23, 2009
Sledge Hammer endeleg tilbake på norsk tv!

Sledge Hammer: "Oh yes, I have no groceries at all back home"
The Expendables - tidenes film?

Friday, August 21, 2009
AVATAR - International Teaser Trailer (HD)
Den første traileren til Jim Cameron sin storfilm Avatar vart publisert i går. I dag er det Avatar Day verda over og dersom du har sikra deg ein billett kan du sjå 20 minutt av filmen i 3D på colosseum i Oslo!
Då det kjem til traileren:
Na'vi-rasen ser interessante ut, og skogen på Pandora er vakker. Filmen ser ut til å innehalde sin del av både romantikk og episke scener. På kino kjem alt til å vere i 3D, og filmen ryktast å skulle bli lang!
Rollelista er god (Sam Worthington likte eg godt i Terminator Salvation, Sigourney Weaver ER trass alt Ellen Ripley) og James Horner lagar nok ein gong musikken for Cameron, til trass for at dei vart uvener og hevda at dei aldri skulle jobbe saman igjen under innspelinga av Aliens i 1986! (Horner og Cameron samarbeida på Titanic i etterkant).
Det mest spanande med lanseringa av Avatar vert kanskje effektane. Traileren var ikkje så fotorealistisk som Cameron og andre har hevda. Vil det hjelpe å få den i 3D, og vil dei komande månadane med finpuss gjere Avatar til eit mesterverk? Denne filmen vert og ganske definerande i forhold til effektane til Cameron sin neste film, Battle Angel.
Det skal verte spanande å sjå Cameron sin første spelefilm sidan Titanic i 1997. Avatar kjem til å verte ein enorm suksess eller ein fullstendig fiasko, lat oss håpe på det første!
